Bilbransjen er i rivande utvikling og vi ser behov for å auke vår stab med ei ny og spennande stilling.


Avdelingsleder Auto 8-8  Florø
Dette er ein unik sjanse, der rette vedkommande vil få ansvar for dagleg drift av avdelinga i Florø.
Vi søker ein dyktig og strukturert person som trivst i ein hektisk og innhaldsrik arbeidskvardag. For riktig person vil dette vere ein utfordrande og spennande sjanse i ein bransje i rask utvikling.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.

Vi søker deg som 

  • Er hyggeleg, imøtekommande og forstår verdien av god service.
  • Er positiv, har godt humør og kan skape entusiasme.
  • God kompetanse med bruk av data som arbeidsverktøy.
  • Har bilinteresse.
  • Er kremmar.
  • Vil lære seg verkstaddrift, lager og logistikk
  • Er løysingsorientert, sjølvstendig og kan jobbe strukturert.
  • Er tydelig i din kommunikasjon.


Arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Ansvaret for å drive avdelinga i Florø.
  • Leie arbeidet i kundemottak.
  • Ansvar for innarbeiding av gode rutinar, for god produksjon, optimal logistikk og høg kundetilfredsheit.


Vi kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn og arbeidsvilkår.
  • Alle søkarar må ha sertifikat klasse B.
  • Vi har ordna forhold, kollektiv gruppelivsforsikring og god trivsel.

 

Les meir og søk på stillinga her